Aasmund Olavsson Vinje og Inderøy

Kort oppsummering av Vinjes liv og virke

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd 6. April 1818, i Vinje i Telemark. Han vaks opp i ein husmannsfamilie, og måtte tidleg arbeide for føda. Samtidig fekk han i heimen stor interesse for lesing og læring, og tok studenteksamen ved sida av arbeidet sitt. Vinje arbeidde fleire år som lærar, men studerte vidare og tok mellom anna embetseksamen i jus. Han arbeidde som journalist, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. I Dølen skreiv han artiklar, essays, dikt og anna politisk og kulturelt stoff. Vinje vart ein viktig samfunnskritikar innan norsk offentleg liv på 1800-tallet, oppteke av folkeopplysning, politikk, språk og litteratur.

Ivar Aasen

Ivar Aasen

Ved sida av Ivar Aasen var Vinje ein av de første som gjorde nynorsk til eit skjønnlitterært uttrykk som poet. Han fann seg dårleg til rette med det dansk-norske skriftspråket, og gjekk i 1858 over til å bruke Ivar Aasens landsmål.

«Ferdaminni fraa Sumaren 1860» er regna som eit av hans hovudverk, og som ein av dei beste reiseskildringane innan norsk litteratur.

”Frå byen det berer. Eg lyfter på hatt. Gud veit no den dagen, når dit eg kjem att.”

Slik opnar Ferdaminne, med eit farvel med Christiania. Boka er ei rekke skildringar frå Vinje si reise opp til Trondheim for å sjå Karl 15. si kroning. Reisa gjekk for det meste til fots, og Vinje fekk god tid til å studere landskap og folk i ulike miljø. Eit litterært grep i Ferdaminni er dei poetiske innslaga, dikt som går inn i framstillinga som om dei har vorte til der og da. Det var på denne reisa Vinje besøkte Inderøy.

To år seinare skreiv Vinje ei ny reiseskildring, frå England, ”A Norseman’s view of Britain and the British”. Resten av forfattarskapet hans vart i stor grad via til dikt, fleire av dei tonesatt av Grieg.

Vinje møtte lærarinna Rosa Kjeldseth Enevoldsen i 1868 og dei vart gift i 1869. Rosa var då 33 år og Vinje 51. Rosa hadde hatt delar av oppveksten sin i Inderøy, på garden Sakshaugvang. Samstundes med førebuingane til bryllaupet skulle spørsmålet om diktarlønn til Vinje opp i Stortinget. Vinje fekk ikkje den diktarlønna dei hadde håpa på, slik at det vart tronge økonomiske kår for paret. Året etter, i 1870, fødde Rosa sonen Olav, men vart sjuk og dødde nokre dagar etter fødselen. Nokre månadar etter, 30. juli, dødde Vinje sjølv.

Ettermæle

Vinje er for ettertida vorte ståande som ein føregangsmann innanfor norsk journalistikk, ein viktig samfunnskritikar i det offentlige Noreg på 1800-tallet og ein stor lyrikar. Hans prosastykker, songar og dikt er fortsatt aktuelle. «Ferdaminni fraa Sumaren 1860» og «Storegut» må reknast som klassikarar, og fleire av dikta hans, for eksempel «Blaamann» og «Ved Rondane» med Griegs melodiar, er vorte ståande som sentrale innslag i norsk musikkproduksjon.

Betydinga for Inderøy

Sigrid Haavik har skrive ein interessant artikkel om Aasmund O. Vinje og Inderøy i årboka Eynni Idri (1994). Der nokre hendingar gjengitt, slik Håkon Løken skildra dei i boka si Landsens liv (1911), om livet på Sundnes. Mellom anna finnes det ei forteljing om ein morgon på Sundnes, då tenestejenta Bertine skulle gje gjesten kaffe på senga: «Hun hadde ikkje sett ham endnu, men da hun kom ind i det mørke værelset med kaffebrættet, sov han godt, og hun måtte derfor gaa like hen til sengen og si Versaagod! Han laa godt nedpakket, for han hadde den skikken som mange landsfolk den gang, aa ligge aldeles naken i sengen. Og da nu Bertine sa versaagod, fik hun først se et lurvet hovud med langt svart floket haar og same slags skjæg, og derefter en lang lodden arm, en mager lodden overkrop og endnu en lodden arm. Hun ble så ræd, at hun slap brættet frå sig og sprang ut, som om hun var stukket av en orm. Og da hun kom farende ind i kjøkkenet igjen, ropte hun: Nei, ka i Jessu Namn e det for slag som ligg i Grønkammerset? E det menneskj eller apekatt, eller ka det e??»

Vinje var ivrig turgåar og vandra nok mykje omkring i nærområdet dei to vekene han besøkte Inderøy. I følgje eigaren av Sundnes, Håkon Løken, skreiv Vinje diktet «Her seg eg fagre fjord og bygder» den siste kvelden han var på garden. Dei sat i hagetrappa og såg utover landskapet og Vinje sa da: «Nei, i kveld gjenger eg ikki til sengs fyrr eg haver skrivit kva eg kjenner – ». Løken fortel viare «Og da han kom ned til Frokosten, hadde han ogsaa med og leste op det diktet som begynder slik:

Her ser eg fagre fjord og bygdir, Som mange gamle kjempur bar, Med mange slike store dygder, At tidt me tru det gudar var

Det er mange spekulasjonar omkring kor Vinje sat då han skreiv «Her ser eg fagre fjord og bygder». Mange meiner at Vinje sat oppe ved garden Sakshaug-Berg. I 1960, i forbindelse med 100-årsmarkeringa av Vinje sitt besøk på Inderøy, fekk ungdomslaget Øyningen satt opp Vinjesteinen oppe ved Sakshaug-Berg.

Vinje sitt ekteskap med Rosa Kjeldseth, som i delar av oppveksten sin budde mykje på Inderøy hos sin farbror, lensmann Ole Kjeldseth på garden Sakshaugvang, knytte han òg til Inderøy.

For Inderøy vil Aasmund O. Vinje alltid være sentral, sidan han gjennom «Ferdaminni» og diktet «Frå Sundnes» har gjeve oss fleire vakre skildringar av kulturlandskapet her på Inderøy. Frå Sundnes kunne Vinje skoa utover eit landskap så fagert ”Nei, dette er best nordafjells, ja kanskje i hele landet. Det er stort, det er rikt, det er Fjordar og Landskap i det mest yndefulle Samspil” og ”Slike sommardagar og slike ljose, milde netter med blomsterduft har eg aldri hatt som på Sundnes…”.

Kan hende er strofa ”Her ser eg fagre fjord og bygder som mange gamle kjemper bar, med mange slike store dygder, at tidt me tru det gudar var” den mest kjende og skatta for inderøyningane. Et par veker på Sundnes hos Herman Løchen sette spor for ettertida.


Kjelder og nokre tips til meir å lese om Vinje:

  • Haavik, Sigrid Aa. O. Vinje og Inderøy (Eynni Idri, 1994)
  • Kværness, Gunnhild «Eit hus som vil meg hysa» Om Rosa Kjeldseth Enevoldsen, Aasmund Olavsson Vinjes hustru (Norsk slektshistorisk tidsskrift, 2012)
  • Løken, Haakon Landsens liv : billeder fra 1850-60-aarene
  • Midttun, Olav A. O. Vinje (1960)
  • Vesaas, Olav A. O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)

Snl.no http://snl.no/Aasmund_Olavsson_Vinje
wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Aasmund_Olavsson_Vinje

FacebookTwitterDel