Om prosjektet #fagrefjord

Målet med prosjektet er å sette lys på nynorsk som eit levande og moderne litterært språk gjennom å formidle lokal, nynorsk litteratur i biblioteka på ein ny måte.

Prosjektidé:

  1. Presentere eit utval lokalt forankra forfattarar som skriv på nynorsk.
  2. Presentasjon på nettside og plakatutstilling i biblioteka.

Med ståstad ved Vinje-steinen i Inderøy ser ein ut over fagre fjord og bygder. Det er ved denne steinen Aasmund Olavsson Vinje, etter sigande, satt då han besøkte Inderøy sumaren 1860.  Han gav oss vakre skildringar av kulturlandskapet, som vi finn i «Ferdaminne fraa sumaren 1860». Innafor synsranda frå Vinje-steinen finn vi sterke lokale anker til tre rett ulike forfattarar som nyttar nynorsk i skrivinga si – Kari Stai i Inderøy, Ingrid Storholmen i Verdal og Torvald Sund i Levanger.

 

Laga av:


IK-logo

logo-kommunikasjonsdesign

Støtta av:

Fritt_Ord_logo.  nml-logolitteraturhus-logo

#Fagrefjord.no er laga av Inderøy bibliotek og Pronomen kommunikasjonsdesign med støtte frå Fritt ordInderøy MållagNord-Trøndelag fylkeskommune ved Litteraturhus Nord-Trøndelag og Inderøy kommune

Initiativ, prosjektstyring og tekstskaping: Inderøy bibliotek
Prosjektutvikling, grafisk utforming, vev-utvikling og foto: Pronomen kommunikasjonsdesign

 

 

FacebookTwitterDel