Nynorskliv i Inderøy

Starten

  1. 1856: Ivar Aasen, skaparen av det nynorske skriftspråket, reiste gjennom Inderøy. Det var den tredje reisa hans i Trøndelag. Den første var i 1846, kor han besøkte store deler av fylket. Den andre reisa i 1851 var først og fremst langs kysten. Ivar Aasen reiste rundt i Noreg for å samle ord og uttrykk, og fann mykje i den trønderske dialekten.
  2. 1860: Aasmund Olavsson Vinje besøkte Inderøy. Vinje, som var ein av dei første som tok i bruk Ivar Aasen sitt landsmål i si skriving, var på ei reise i Noreg i samband med kroninga av Karl den 15. i Trondheim. I to veker var han gjest på garden Sundnes, og han gav seinare ut reiseskildringa «Ferdaminni fraa sumaren 1860». Her finn vi fleire vakre skildringar av landskapet i Inderøy:

    Her ser eg fagre fjord og bygder, som mange gamle kjemper bar, med mange slike store dygder, at tidt me trur det gudar var”. (Vinje 1959: 178)
    ”Nei, dette er best nordafjells, ja kanskje i hele landet. Det er stort, det er rikt, og det er fjordar og landskap i det mest yndefulle samspel”. (Vinje 1959: 175)
    ”Slike sommardagar og slike ljose, milde netter med blomsterduft har eg aldri hatt som på Sundnes…” (Vinje 1959:  176)

    Ein kan anta at det etter Ivar Aasen sine reiser i fylket, og Aasmund Olavsson Vinje sitt besøk i 1860, må ha vore ei aukande interesse for landsmålet i Inderøy.
  3. 1899: I heile Trøndelag hadde landsmålet opplevd ein eventyrleg vekst på slutten av 1890-åra. Stadig fleire kyrkjer gjekk over til bruk av nynorske salmar og fleire skolar tok i bruk landsmålet som skolemål. Vinteren 1899 braut det ut språkkrig på Innherred, om korleis skrive rett landsmål. Sentrale deltakarar var mellom andre to unge menn; diktaren Kristofer Uppdal frå Beitstad og skribenten og kulturpersonen Aake O. Verdal frå Inderøy. I følgje Arild Bye sin biografi om Kristofer Uppdal, brann Uppdal for frie dialektord og uttrykk og hadde eit ynskje om å ta i bruk opphavleg norske ord. Han ville ikkje bruke låneord frå dansk, noko han kalla jåleri. Han meinte at Ivar Aasen sin norm for landsmålet var for stramt satt og ikkje passa ein trønder. Aake O. Verdal derimot, var både Aasentru og ein god debattant, og meinte at alle språk måtte ha faste reglar. Han kritiserte målfolket for at dei ikkje skreiv rett og held seg til grammatikken. Mens Uppdal meinte at ein gjennom Aasen sin form fekk ein bygdedialekt frå Vestlandet til normalmål, meinte Verdal at omsynet til landet måtte komme før omsynet til fylket.

    «Nei. –Fri vilje. Kvar skal ha lov til å ha sin eigen setningsbygnad, si eigi tegnlære, si eigi ordform. Då fyrst vil måle bli fint» sa Uppdal. «Um alle nordmenn kastar grammatikk og formlære under benken og skriv vilt, vert det snart berre sørpe av alt saman» meinte Verdal (Bye 2010: 39).

    Siste innlegg i denne lokale språkstriden kom 29. mars 1899.
  4. Kort tid etter holmgangen på Innherred omkring skriving av landsmålet, 5. april 1899, blei målringen Nynorskfylkingen, skipa i Inderøy. Som mållag var den ein av dei første i Trønderlaget. Lov for laget blei vedteke på møtet hos lensmann Tønder 9. april 1899.Skipar og første formann var debattanten Aake O. Verdal, frå språkkrigen med Uppdal. I følgje Liv Skogset Værdal sin artikkel «Aake Olaf Verdal (AA. O. V.) 1877-1973» i Eynni Idri 2001, var Verdal gripen av ideane til den nasjonale reisninga som gjekk over landet. Aake O. Verdal kom i 1898 heim frå seminar og lærarkurs hos V. Ullmann i Seljord, og tok allereie same førjulsvinter til med privat nynorsk kveldsskole, som han fekk rom åt på Sakshaug folkeskole. Denne kveldskolen held Verdal fram med i fleire år. Aake O. Verdal skriv at

    «Lensmann P. Tønder lika ikkje landsmål. Likevel let han dotter si læra landsmål, tok godt i mot nynorsk kveldsskule og gav meg som lærar var, godt ytterplagg til lang kjøyrferd vinterstid» (Verdal 1968: 8).

    Verdal var ein idealist for Ivar Aasen sitt landsmål, og samstundes aktiv deltakar innanfor fråhaldssaka, misjon, samvirkelag og småbrukarlag. For han vart arbeidet med å fremja norskdom og norsk språk eit uopphørleg arbeid livet ut (Værdal 2001: 91).
    Andre sentrale personar i oppstartinga var Peter L. Sakshaug (kassestyrar frå starten og i 29 år framover til 1928), Ingvald Sakshaug, lensmann Tønder, klokkar J. C. Tiller, Magdalena Sakshaug, Ole og Julie Haugum og fleire. Møta vart haldne i heimane til medlemmene. Det handskrivne lagsbladet blei kalla «Riting» og laget skipa til festgilde, minnekveldar og stevleikar.
  5. I 1904 kan Kristofer Uppdal og Aake O. Verdal igjen ha råkast. Uppdal hadde flytta til Hylla på Røra, og dreiv med jernbanebygging. Han deltok da, i fylgje Arild Bye sin biografi, på nokre av møta i mållaget Nynorskfylkingen. Olav Duun var og samstundes boset i Inderøy, da han jobba som lærar ved Sakshaug skole.
  6. Indtrøndelagen 30.08.1905: Aake O. Verdal skriv at «Maallage Nynorskfylkingen hadde aarsmøte den 27-8. Faa er med. Men live er bra.»
  7. Ved lagsmøtet i Nynorskfylkingen 23. september 1906 nemnes det for første gong at «landsmålet må inn i skulen i Inderøy!»
  8. 10-årsmeldinga frå 1909 seier at Nynorskfylkingen var med i Trønderlaget frå fyrste stund. Sjølv om 25-årsmeldinga til Trønderlaget seier at Nynorskfylkingen blei med først sommaren 1900…
  9. Sokneprest A. N. Lange deltok på Fedraminnekveld i 1909, sjølv om han ikkje var tilhengjar av nynorsken. Grundtvigianaren deltok på fleire møter i laget som talar.
  10. I årsmeldinga til Nynorskfylkingen i 1909 skriv sekretæren at «Møta kunde ha vore fleire, frammøte betre og arbeidet større». Men arbeidet må likevel ha bore frukt, for sentrale personar i bygda valde og engasjere seg i målsaka. Både skolestyreformann og ordførar (Ingvald Sakshaug og Ole Haugum) var aktive deltakarar i rørsla.
  11. 1910: Nei til større målsamling i Trondheim (Nidaros Mållag). Noregs barneblad nemnd for første gong. Arrangera fedraminnefestar.
  12. 9. desember 1911: Det Norske Spellaget (som la grunnlaget for Det Norske Teatret) besøkte Inderøy. Fullt hus!
  13. Alt i 1908 vedtak i Nynorskfylkingen om kjøp av lott (del av forteneste) i Kaffistova, Steinkjer. Kjøp av 2 lott i Det Norske Teatret, 8. desember 1912 og 27. mars 1915. Sumaren 1915 kjøp av lott i Bøndenes hus i Trondheim. I 1980-åra ble dei fleste av desse lagsbruka avvikla.
  14. 1913: Det arrangerast «Aasenkveld».
  15. I perioden 1913 til 1930 var Albert Leira bibliotekar for Inderøens folkeboksamling. Ole Hegge skriv i artikkelen «Folkeboksamlingar» i Inderøyboka bind 1, del 2, at Leira passa på å kjøpe inn nynorske bøker til biblioteket.
  16. Ei stor sak for lagsmøte i Nynorskfylkingen 12. juli 1914 gjaldt vedtak om framlegg til herradsstyret om nytt namn i staden for Inderøen. I utgreiinga frå professor Marius Hægstad stod det: »Ein ting synest klår: Inderøen høyrer ingen stad heime i Norsk maal og burde ikkje lenger skrivast!»  Professor Hægstad drøfta ulike formar og rådde til Inderøy i staden for Innerøya. Det blei fleirtal i Nynorskfylkingen om å anbefale Inderøy, eit mindretal røysta for Innerøya. Vedtak i kommunen ende med Inderøy.
  17. Ved årsmøte i Nynorskfylkingen den 27. mars 1915 gjekk ein over til det nye namnet Inderøy målring.

Skolemål

Skolemål blei ei viktig kampsak tidleg på 1900-tallet. Da den nye skolelova vart gjeven av Stortinget i 1889 fekk skolestyret rett til å velje skolebøker og til å velje skriftleg opplæringsmål i folkeskolen. Sparbu var visstnok den første bygda på Innherred som gjorde nynorsk til undervisningsmål. I perioden 1906-1920 var saka om skolemålet fleire gonger oppe til diskusjon i målringen, men ikkje knytt til røystingar. Kommunen var i perioden 01.01.1907 – 01.01.1962 delt i tre: Røra – Sandvollan (Hustad) – Inderøy. Røra var først ute med nynorsk som undervisningsmål, etter vedtak i skolestyret 30. august 1907: «Den skriftlige undervisning/øvelser i Norsk skal fra kommende skoleårs begyndelse ske på landsmålet i de fire første klasser. I femte klasse skal øvelsene foregå på bokmål…»

Sandvollan hadde kretsmøte på Skjelvan skole 28. juni. Etter noko ordskifte vart det røysta over saka. Med 12 mot 12 røyster vedtok kretsen å rå til at landsmålet frå no av skulle bli undervisningsmål i folkeskolen. Skoletyrevedtak 12. august i 1908 med «indføring av landsmålet for de 3 første klassane frå skoleåret startar».Her røysta 4 for og 1 i mot i skolestyret. Her hadde landsmålet vore noko brukt i småskolen før og.20. august 1908 kom det forslag i Inderøy skolestyre ved formann Ingvald Sakshaug om innføring av landsmål i alle dei fem Inderøykretsane. Saka vart da sendt til alle kretsane for røysting. Verstad og Fjeset (Stokkan) krets var alle for landsmålet, og fekk det i gang frå hausten 1909.I Sakshaugkretsen var det 16 for landsmålet og 2 for bokmål. Skolestyre vedtok difor landsmål for Sakshaug. Eit protestskriv med 116 underskrifter dukka da etter kvart opp. 14. november 1908 kom kretsmøtet i Sakshaug, etter sokneprest Lange sitt forslag, med ei oppmoding: «Kretsmøtet henstiller til skolestyret at udsette med indførelse af landsmaal til skriftlig bruk her i kredsen». Skolestyret satt dermed ut innføringa mot 3 røyster.I 1913 kom det skriv frå departementet med mange spørsmål, mellom anna om lærarane kunne greie å undervise i lesing og skriving på landsmål?Først i januar i 1917 kom arbeidet i gang med målbyte ved Lyngstad skole.

Kretsmøte i Lyngstad vedtok med 12 mot 1 røyster; «Foreldrene i Lyngstad krins sender hermed ei vyrdsam uppmoding til skulestyret um aa gjera det som turvande er til at Lyngstad skule får Norsk til hovudmaal fraa neste skuleaar». Saka blei sendt tilbake til kretsen, grunna lite oppmøte. Ved kretsmøte 25. februar røysta 33 for landsmålet og 2 for riksmål. Saka gjekk til skoledirektøren (som var i mot landsmålet) og skolestyret, men skolestyret slo likevel fast at lærarane ved Lyngstad skole underviste like godt i begge målformene. Eit nytt møte 15. juli ga røystinga 28 for landsmål, 0 for bokmålet. Det ga eit skolestyrevedtak i juli med 11 for landsmål og 2 i mot. På dette skolestyremøtet tala sokneprest Lange mot innføringa av nynorsken. I Inderøyboka bind 1. del 2, står det om dette møtet at

«Krinsformannen sa at ungdommen ville ha nynorsk. Og dersom han (krinsformannen) ikkje røysta for nynorsk, ville ungdomen bli så «nater» at han våga ikkje å møte ungdomen etter det. Og så vende krinsformannen seg til presten Lange og sa at han (Lange) burde ta omsyn til ungdomen og ikkje stritte imot den nasjonale framvoksten» (Ystad 1973: 419)

.
I mai 1919 går samstundes lærarlaget inn for landsmål i alle kretsane frå hausten av. 14. juni same år kom det eit skolestyrevedtak om røysting i Sakshaug og Utøy. Same møte vedtok forresten elektrisk lys i skolane. I Utøy skjedde røystinga 20. august 1919. 29 av 365 stemmegjevarar møtte opp. Resultatet blei 18 for nynorsk og 11 for bokmål. I Sakshaug krets blei det halde røysting 6. september 1919. 50 av 483 stemmegivarar røysta. Resultatet blei 36 for nynorsk, 14 for bokmål. Nytt protestskriv frå Sakshaug underskrive av 150 kvinner og menn!

Skoledirektøren var fortsatt i mot ei innføring av landsmålet. Det same var nok ordførar Melhus, som ynskja nye kretsmøter for å vurdere saka ein gong te. Forslaget fekk 4 stemmer, 8 stemmer mot. Skolestyret vedtok difor landsmål ved Utøy og Sakshaug kretsar frå hausten 1920 for borna i 2. klasse og etter kvart opprykkande klassar. Med 10 mot 2 røyster (ordførar Melhus og sokneprest Nilsen i mot). «Frå hausten 1920 har altså nynorsk vore skriftleg opplæringsmål ved alle skolane i Inderøy herad» (Ystad 1973: 420).Nynorsken fekk så væra i fred i skolane i 51 år, til 1971. Da kom det nye røystingar i tur og orden. I mellomtida var Verstad lagt til Sakshaug krets og Stokkan lagt til Utøy. Røra og Sandvollan inngjekk no i Inderøy kommune. Mållaget var aktivt med for nynorsken ved alle dei nye røystingane. Det var aksjonsgrupper med i kretsane. På denne tida hadde berre foreldre/føresette røysterett.Resultat av skolemålsrøystingane i perioden 1969-1982:

Skolekrets/røystingar Nynorskrøystar Bokmålsrøystar Rådgj. resultat
Utøy 3. juni 1971 80 nynorsk 78 bokmål Nynorsk
Lyngstad 15. oktober 1971 30 nynorsk 50 bokmål Bokmål
Røra 7. april 1972 83 nynorsk 125 bokmål Bokmål
Sandvollan 23. november 1973 84 nynorsk 97 bokmål Bokmål
Sakshaug 30. april 1976 141 nynorsk 182 bokmål Bokmål
Utøy 19. november 1976 103 nynorsk 90 bokmål Nynorsk
Lyngstad 13. juli 1979 28 nynorsk 44 bokmål Bokmål
Utøy 21. mai 1984 57 nynorsk 108 bokmål Bokmål

Seinare val ein del skolar å køyre med parallelle klassar. Det var difor nynorskklassar mest kvart einaste år ved Sakshaug skole i perioden 1976-1990. Røra skole hadde og i periodar nynorskklasse, blant anna i 1999.

  1. I gamle Mosvik kommune har det aldri vore nynorsk i skolane eller i kyrkja, men i Framverran var det litt av kvart. Det var nynorske salmebøker heilt til den nye utgåva kom, som er i bruk no. Antakeleg var det ikkje noko vedtak i menighetsrådet om at det skulle brukast nynorsk i kyrkja, men det heng saman med tida før kommunesamanslåinga.  Kvar skolekrets hadde røysting om nynorsk eller bokmål i skolane. På Famverran skole blei det fleirtall for bokmål. Mens i Sørsida og Trongsundet krets skulle det brukast nynorsk.
  2. Ein kan ikkje sjå at det er skipa noko mållag eller at det var vore noko aktiv målrørsle i gamle Mosvik kommune.
  3. Annonse i Indtrøndelagen 20.06.1917: Elias Meldvær held foredrag paa Banksalen, Inderøya, sundag 24. juni kl. 6 ettm. om nasjonale spursmaal. Adgang for alle. Inngangspenger 20 øre. For maallaget «Nynorskfylkingen» Ingvald Sakshaug.
  4. Lite aktivitet i Inderøy mållag i perioden 1918-1927.  Etter at nynorsken vart innført i alle skolekretsane i prestegjeldet vart «pågangsmotet veikare og lagsarbeidet dovna smått om senn» (Ystad 1973: 81).
  5. Ved nyåret 1928 var medlemstalet i Inderøy mållag 35, og laget gjekk godt i mange år. I 1928 var det blant anna ein Målmarknad for Trøndelaget i lag med U.L. Øyningen. Stor dag, overskot på 140,68 kr.
  6. Forutan skolemålet var nynorskforkjemparane i Inderøy oppteke av bruken av norsk mål i avisene. Årsmøtet i Inderøy mållag 16. mars 1929 påla styret å kome med eit sterkt krav til avisa «Nord-Trøndelag og Inntrøndelagen» om bruk av nynorsk: «Møtet finn det uforsvarleg at desse blada som verkar i bygdelag som for det meste er sterke norskdomsbygder skal bruka norskdansk og såleis stå i avnorskinga si teneste». Sidan ble det uttrykt misnøye med språket i Trønder-Avisa fleire gonger.

Kyrkjemål

Ei anna kampsak var sjølvsagt kyrkjemålet og korleis salmebok ein skulle bruke. I Inderøyboka bind 1, del 2, skriv Andreas Ystad at etter kvart tok fleire nordmenn til å dikte salmar på landsmål/nynorsk, først og fremst professor Elias Blix. Han hadde både dikta sjølv og omsett salmar frå tysk og dansk til nynorsk. Desse salmane «Nokre salmar» vart i 1892 autorisert til kyrkjebruk og kyrkjelyden kunne da røyste dei inn til bruk i gudstenestene. Dei blei populære og i Inderøy og vart røysta inn i alle tre kyrkjene i Inderøy prestegjeld.
Røysting Blixsalmane (på landsmål):

Kyrkje/røysting For Blixsalmane I mot Blixsalmane
Salberg (Røra) 30. april 1899 23 14
Hegstad (Sandvollan) 12. august 1899 54 5
Sakshaug29. april 1906 65 33

Prestane i Sakshaug kunne bruk den målforma dei ynskja, etter at det kom alterbok på nynorsk i 1921. Sokneprest Nilsen val gudstenester på bokmål, mens kapellan Finsås brukte nynorsk. Da H. Wexelsen Freihov kom som sokneprest ville han ha berre nynorsk. I 1926 kom den nye presten Freihov med framlegg om å røyste inn nynorsken som liturgimål i Sakshaug kyrkje, noe som vart resultatet. Det same skjedde på Sandvollan og Røra.

Nye kyrkjerøystingar, som gjaldt innføring av nynorsk:

Kyrkje/røysting Nynorsk Bokmål
Sakshaug 7. februar 1926(I Sakshaug gjaldt røystinga om prestane skulle kunne velje sjølv nynorsk eller bokmål) 207 51
Salberg 14. februar 1926 109 11
Heggstad 7. mars 1926 67 23

Inderøyboka, bind 1, del 2, skriv Andreas Ystad: «Sidan 1926 har det vore heilnorske gudstenester i alle kyrkjom i Inderøy prestegjeld» (Ystad 1973:  10)

Etter kvart som fleire dikta på nynorsk, blei dei beste nynorske salmane valt ut til ei ny norsk salmebok. Denne kom ut og vart autorisert til kyrkjebruk i 1925. Samstundes vart den gamle «Landstad salmebok» revidert og mange nye nynorske salmar fekk plass der. Kyrkjelydane kunne da velje mellom «Nynorsk salmebok», «Landstads reviderte salmebok» og den gamle «Landstads salmebok». I Inderøyboka bind 1, del 2, skriv Ystad  at det på eit soknerådsmøte 1. pinsedag i 1929, like etter messa, vart ein samtale om salmebokskiftet, «omkring 300 menneske var til stades, 6 tok del i samtalen» (Ystad 1973: 9). Det kom inn fleire ulike forslag; soknerådet ynskte innføring av «Nynorsk salmebok», distriktslækjar Angell foreslo «Landstads reviderte salmebok». Under møtet kom det framlegg frå Aake O. Verdal om å halde på den gamle «Landstad salmebok» med «Nokre salmar» (Blixsalmane). I juni skjedde røystinga; 263 røysta for å behalde den gamle salmeboka, 197 ynskje eit byte. Fyrst i 1937 vart det røysta på nytt, da røysta 148 for å byte salmebok, 30 i mot. «Nynorsk salmebok» fekk flest røyster, 127 mot 51 for «Landstads reviderte» (Ystad 1973: 9).

For Heggstad kyrkje (Sandvollan) og Salberg kyrkje (Røra) ble Nynorsk salmebok innført allereie i 1928/29.

Da den nye «Norsk salmebok» kom i 1985, vart det nye røystingar om liturgimål.

Røysting liturgimål:

Kyrkje/røysting Nynorsk Bokmål
Sakshaug (rundt 1985, i forbindelse med utgjeving av Norsk salmebok) 84 71
Heggstad (Sandvollan)(rundt 1985, i forbindelse med utgjeving av Norsk salmebok) 42 20
Salberg (røysting etter krav), ca 2006? Fleirtal for nynorsk  
Sakshaug 18. november 2012 70 83

Fortsettinga

  1. 1930: Fedraminnefest på Verstad 26. januar. Det er siste livsteikn til laget før etter krigen.
  2. Ifølge Andreas Ystad og Inderøyboka bind 1, del 2, vart Inderøy målaget skipa på nytt etter krigen. Skolestyrar Albert Haugsand vart vald til formann. Ei tid var det lite arbeid i laget, og neste livsteiken kom først i 1961. 14. desember 1961 kalla Inderøy målring saman til årsmøte att, på Sund folkehøgskole. No med medlemmer frå heile kommunen.
  3. Mary Hegge, busett i Inderøy, gav i 1951 ut boka Beritungen, og fekk Kirke- og undervisningsdepartementets pris for den. Oppfølgeren Beritungen får nye vener kom i 1952. Begge bøkene er skrive på trøndernært nynorsk, og baserer seg i stor grad på forfattaren sine erfaringar frå liv og oppvekst på ein gård i tida rundt 1920.
  4. Mållaget har fleire gonger etterlyst nynorske skjema i posten og ved andre institusjonar!
  5. I 1960, i samband med 100-årsmarkeringa av Aasmund Olavsson Vinje sitt besøk i Inderøy, sette ungdomslaget Øyningen opp Vinjesteinen oppe ved garden Sakshaug-Berg.
  6. Frå 1965 har diskusjonar omkring stadsnamn vore oppe fleire gongar, ofte i samband med feilskriving på vegskilt. Namngjevinga har vore lite i pakt med lovar og lokal uttale. Eks. Inderøy vannverk -> Inderøy vasslag, Skarnsundet bru -> Skarnsundbrua, Kirkestuen -> Kjerkstu.
  7. I 1966 kom Stod mållag med idé om ein samarbeidsorganisasjon for laga i Innherred. Trønderlaget stod fram som noko for stort område, som gjerne kunne delast. Ingenting skjedde.
  8. Godt samarbeid og mange møter saman med Verdal mållag på 60-, 70- og 80-tallet. Det arrangeras dialektkveldar, bokmesser, kåseri og ulike seminar. Mange tema har vorte teke opp;  blant anna sør-samiske kultur og rettighetar kor Ella Holm Bull frå sameskolen på Snåsa har besøkt laget.
  9. Våren 1972 gjekk målfolk saman om ein underskriftskampanje for meir nynorsk i Trønder-avisa. Om lag 3000 underskrifter blei samla inn.
  10. Trønder-avisa 24.02.1979: Intervju med leiar i Inderøy mållag Reinert Stuberg viser at rørsla fortsatt jobbar godt og set høge mål;

    «slik vi ser det er det sjølvsagt svært viktig å arbeide for å berge det nynorske skriftspråket i skolekrinsane», «vi merkar aukande interesse for nynorsk, særleg hos ungdom», «så er det viktig at vi legg arbeid i å berga dialektane, talemålet vårt».

  11. Trønder-avisa 18.04.1980: «Nynorsken er på offensiven i Inderøy. Ved fleire avstemmingar har nynorsken vunni. Ved Utøy skole har det to gonger vori avstemmingar med slikt resultat. I tilleg har det no vorti nynorske klassar ved fire av dei fem skolane i kommunen. Den siste av desse er Røra skole, som frå hausten av får nynorsk førsteklasse. Som ei oppfølging av suksessen, har Inderøy mållag gitt femti nynorske barnebøker til skoleboksamlingane i kommunen».
  12. Trønder-avisa 16.07.1981: Framstøyt for å ta vare på dialektane. Medlemmene i Inderøy mållag skal aktiverast i arbeidet med å samle gamle dialektord på veg ut av talemålet. Med på laget er dialektgranskaren Arnold Dalen frå Universitetet i Trondheim, med eit introduksjonskurs.
  13. I 1981 arva Inderøy mållag, saman med fråhaldslaget og 3 misjonslag, kr. 13.212,25 kvar. Det var arv etter Dina Amanda Lovise og Aake O. Verdal.
  14. Da Inderøy videregående skole starta opp kjøpte mållaget inn bøker til skolen.
  15. Trønder-avisa 14.11.1986: Inderøy mållag ber inn til kurs i Trønder-nynorsk på Inderøy videregående skole.
  16. Inderøy mållag har vore oppteke av å ta vare på dialektane, bl.a. gjennom dialektkurs, dialektkonkurransar og dialektinnsamling. Laget har støtta utgjevinga av 2 bøker, i 1989 «Vers på Inderøymål» av Lorns Fossum og i 1990 «Doggdråpeblom og tankefrø» av Gunvor Norum.
  17. 1990-tallet: Det arrangerast blant anna eventyrstunder for barn i samarbeid med ungdomslag, seminar om teater og dialektbruk, litterære kveldar, uttale frå arbeidsgruppe om normering av nynorsken, studiering om «Korleis skal normering av nynorske utvikle seg?»
  18. Inderøyningen 08.09.1994: «I dag reiser Inderøys einaste nynorskklasse, den eine sjetteklassen på Sakshaug skole, på skoletur til Nyhammar i Sverige. Og dei reiser ikkje tomhendt: måndag morgon kom Sivert Hestveit frå Inderøy mållag på besøk, med eit tilskot på 1.000 kr til reisekassa».
  19. Trønder-avisa 16.10.1999: Inderøy mållag 100 år blei feira stort! Attersyn med 100 års målarbeid blei markert med jubileumsseminar 17. – 19. oktober. På programmet blant anna teaterseminar og kulturkveld, vitjing av Berge Furre.
  20. 2000-tallet: Inderøy mållag arrangerer bunadsparade, kulturkveldar med foredrag med blant anna Olav Vesaas, Per Egil Hegge, Sylfest Lomheim og fleire. Samarbeid med Nordnorsk Pensjonistskole om teaterturar og seminarturar.
  21. 2008: Inderøy sin eigen bildebokforfattar, Kari Stai, debuterer med boka «Jakob og Neikob», utgjeve på Samlaget. Kari fekk Kulturdepartementets debutantpris for barnebøker for 2008 for denne boka. Likeins Inderøy mållags målpris for 2008. Sidan har ho utgjeve «Blodrik og blodfabrikken» i 2010, pekebøkene om Mopp og Mikko, og i 2012 «Jakob og Neikob: tjuven slår tilbake». For denne siste boka fekk Kari Stai Brageprisen og Kritikerprisen.
  22. «Ferdaminne frå sommaren 2010»: Inderøy kommune, lag og foreiningar markerte 150-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinjes «Ferdaminni fraa sumaren 1860» med ulike arrangement i heile kommunen; «Inderøyturer» frå Sundnes til Vinjesteinen, Vinjeseminar med ulike foredrag, Vinjeproduksjonar si førestellinga «Ferdaminne» på Sundnes gard, kunsttrykk av Anne Kathrine Oxaal med Vinje-motiv, Kulturminnedag på Sundnes gard mv.
  23. Juni 2012: Inderøy bibliotek får saman med Pronomen kommunikasjonsdesign midlar frå stiftelsen «Fritt Ord» til eit lokalt nynorskprosjekt kalla #fagrefjord. Målet har vore å sette lys på nynorsk som eit levande og moderne litterært språk, gjennom å presentere eit utval lokalt forankra forfattarar som skriv på nynorsk – korfor og korleis dei nyttar målføre. Presentasjon med nett- og plakatutstilling i biblioteket.
  24. 18. november 2012: Røysting om målform i Sakshaug kyrkje. Resultat: 83 for bokmål, 70 for nynorsk. Bokmål etter 86 år med nynorsk liturgimål! Vedtak i menighetsmøte i Sakshaug menighet den 22.09.13 om å ta i bruk ny salmebok, 2013-utgjevinga. Den inneheld salmar både på bokmål og nynorsk, med innslag av salmar på de tre samiske språkene og kvensk. Salmar på engelsk og andre framandspråk er og komen med.
  25. 2013 er nasjonalt språkår, og vi feirar 200-års jubileum for Ivar Aasen sin fødsel. I det høve markeras nynorsk språk og litteratur over heile landet. Inderøy mållag held fleire arrangement, bl.a. «Tale på trænet» (ein Duun-monolog), Nynorskstafetten med besøk av Noregs mållag, Vinje-produksjonar med Rosa Kjeldseth-førestelling, nynorskkveld med forfattarane Kari Stai, Ingrid Storholmen og Torvald Sund. Inderøy bibliotek lanserer plakat- og nettutstillinga #fagrefjord.

Hovudkjelde til det aller meste av materialet:
Inderøy mållag v/Sivert Hestveit, skriftlig notat

I tillegg er nokre andre kjelder nytta:
Bye, Arild (2010): Kristofer Uppdal. Ein mot alle. Aschehoug
Hegge, Ole (1973): Folkeboksamlingar. I Inderøyboka: ei bygdebok for Inderøy, Røra og Sandvollan. Den ålmenne delen. Bind 1, del 2.
Vinje, Aasmund Olavsson (1959): Ferdaminne frå sommaren 1860. Det norske samlaget
Verdal, Aake O. (1968): Glitt og skimt. Rune Forlag
Værdal, Liv Skogset (2001): Aake Oluf Verdal (Aa.O.V.) (1877—1973) i Eynni Idri 2001. Inderøy museums- og historielag
Ystad, Andreas (1973): Inderøyboka: ei bygdebok for Inderøy, Røra og Sandvollan. Den ålmenne delen. Bind 1, del 2.
http://www.allmenning.no/reiser/nord-trondelag.html
http://www.nb.no/nbsok/advanced_search (digitale aviser)
Mosvik historielag v/Jorid Berg

FacebookTwitterDel