Torvald Sund

torvald-portrett
«Eg heldt meg godt for nasen da eg gjekk inn i kjøkkenet. Der på bordet stod enno saueosten. No skulle han ut av huset! Eg gjekk ut på trappa og heiv den opp i skogkanten. I det same kom ein rev hoppande ut frå småbuskene. Han hogg tenne i osten og svelgde den tvert. Det var det siste den reven gjorde her i livet. Eit sekund etter låg han på ryggen med krampetrekningar i alle føtene.»
Det er forfattaren som les:
Start

Eg er ein gamal kreps frå 1952, elskar sjø og salt, og fortel gjerne om havet i både bøker og skodespel, ja, såpass at eg måtte la eit menneske bli til fisk. Etter kvart er det vorten 30 bøker og 17 oppførte skodespel, samt at eg har hatt fingeren borti eit par filmmanus.

torvald-stein

Prisar og heider

Nynorsk Barnelitteraturpris 1982. (Anselm reineigaren)
Ole Vig-prisen 1985. (Kulturaktivistpris frå Norges Ungdomslag)
Skolebibliotekarenes Litteraturpris 1987 ( Første tørn på Havterna)
1.Pris Spenningsromankonkurranse, Tiden 1987 (Grensejegerar)
Nynorsk Barnelitteraturpris 1991. (Slang, Vettskremt og Skrømt)
Mox-næss prisen 1998. (Bokhandelpris, samla forfattarskap)
Trøndsk Målpris 1998
Nord-Trøndelag Fylkes kulturpris 2000
Rissa Kommunes kulturpris 2001
Nynorsk Barnelitteraturpris 2002 (Knivkastarens son)
Norsk Bibliotekforenings Ærespris, Nord-Trøndelag 2002
Levanger Kommunes kulturpris 2006

Barnebøkene er omsette til 10 språk: Svensk, dansk, finsk, færøysk, sør-samisk, nederlandsk, engelsk, japansk, tysk (radiodramatisering) og arabisk.

Medlemskap i Norske Dramatikeres Forbund,
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Den norske Forfatterforening.
Har Statens Garanti-inntekt for kunstnarar – frå 1987.

Har m.a. vore formann i Trøndsk Forfattarlag (1980-82), har vore medlem av Stipendkomiteen og valkomiteen her i 10 år. Har og vore medlem av Det litterære råd i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (1988-92). Sat i to periodar (8 år) som Kulturdepartementet sin representant i Styret for Nordland Teater (2004-12).

Bøker

Haustsommar i reinfjellet (1979)

Anselm, reineigaren (1981)

Du klarer det, Nælja (1982)

Eg er med deg, Kim (1983)

Snøstormen (1984)

Villmarksguten (1985) – Bokklubbens barn (1989)

Første tørn på «Havterna» (1986)

Grensejegerar (1987)
Dei russiske ungdomane Sasja og Vitja vil ikkje risikere krigsteneste i Afghanistan og rømmer når dei blir innkalt til militæret. Dei vil ta seg over grensa til Norge. Eirik og Terje frå Kirkenes fiskar i grenseområdet i SørVaranger. Dei fire møtest, og med eitt er dei midt oppe i ein krig mellom norske og sovjetiske styrkar ved grense-merke 256…

Onkel Oskars saueost og andre godbitar (1988)
Helten i denne boka, det er meg. Men det kunne like godt ha vore deg. Berre tenk på den gongen du nekta å eta opp maten din, eller då du stakk av frå dei vaksne som ville plage deg med likt og ulikt. Og etterpå tok du ein skikkeleg hemn! Du som våga det, får gjera som meg: Stup inn i boka og legg på svøm blant kobbe, konge, saueostar, feltprestar og generalar!

Slang (1989)
Gule, store saftige plommer! I dei store hagane der finfolka bur er det fullt av dei! Ein mørk haustkveld listar eg og Marius oss inn i desse hagane. På plommeslang! Men her bur også sinte hundar og store gutar med kviser og børstesveis…

Vettskremt (1990)
Ingen er modigare enn storgutane i ungdomsskolen. Dei er så tøffe at dei tør alt! Men enno hadde ingen våga seg opp på toppen av den himmelhøge kornsiloen. Ikkje før eg og Marius slo til… «Vettskremt» er frittståande framhald av «Slang».

Vi, Kafegrisen og Den flygande Hollendar på flukt (1990)

Onkel Oskar spring naken heim til jul (1991)
Her er ei ny bok om onkel Oskar. Denne gongen er mykje av handlinga lagt til idrettsmiljø. Alle barn har godt av å drive med idrett, så dei vert sterke og sunne til OL på Lillehammer! Boka kan og brukast til gaman og fest, 50-årsdagar, julekvelden og 17. mai, eller ein heilt vanleg dag.

Skrømt (1991)

Steindau (1992)
Tøffe Smokey hadde kjøpt seg motorsykkel. Ein dag stod sykkelen hans der ute, ulåst. Da foreslo Marius at eg og han skulle kjøyre ein tur.

Bestemors tre (1993)
Medan mor er på klassefest, skal hovudpersonen i boka vere med bestemora på hytta. Men bestemora er ikkje som andre. Ho set han til å hogge skog med ei utslitt øks, plukke blåbær der det ikkje finst, og ete graut med fiskerestar i. Og etterkvart demrar sanninga for han. Bestemor har eit kjøttetande tre i hagen, og har tenkt å fore det godt.

Trollkatta (1993)
Katta til hovudpersonen er den modigaste i heile verda. Ho er så barsk at ho hamlar opp med både ørnar, tivoli-direktørar og andre tøffingar.

Guten som song så stygt : fortellingar (1994)
Boka er ei samling historier, og ei hyllest til dei som ikkje sit inne og les bøker eller gjer lekser. Med denne boka vil han minna vaksne om at dei og har vore barn.

Sjømannen og Vårherre : historier  (1994)
Boka består av historier fulle av råskap, kjærleik og lengt. Dette er forfattaren si første prosabok for vaksne.

Ramp (1995)

Onkel Oskar. Samla utgave (1996)

Bror, venn (1997)
Storebror Gaute finn på dei mest utrulege ting, og Even på elleve er ikkje trygg på han alltid. Likevel er det kjekt å ha ein storebror når skolen er eit ork og læraren er urettferdig. Ein storebror som får Even til å le og som ser ting på ein «ny» og uvant måte, og som dessutan er uvanleg god til å spele fotball.

Brenn draumane mine på Callaos rei : drama (1998)
Boka er eit sjømannsdrama, og vi møter Ketil som drar ut på sildefiske som ung gut. Livet til sjøs blir ei reise frå det trygge livet heime mot fjerne hamner i mange land.

Seglet og dansen (1999)
Romanen foregår i tida under og like etter første verdenskrigen, med den vesle staden Stjørna på Trøndelagskysten og nokre av innbyggjarane der som sentrum. Dei sentrale personane er Dordi og Reinert, som elskar kvarandre høgt. Lesaren får vere med på det farefulle havet, på arbeid og fest, kjærleik, utruskap, forlis, sjukdom og død.

Knivkastarens son : historier (2001)
Boka inneheld ei spennande forteljing frå kvart hundreår frå og med år 1000. Felles for dei alle er at dei handlar om barn og unge som lever nedst på den sosiale rangstigen.

Da nissen kyssa mamma (2003)
Nissen kjem medan pappa er ute med gaver til Anton. Han kan ikkje vente til pappa kjem heim, og han kysser til og med mamma. Stinus skunder seg etter nissen for å gi han ein skikkeleg smekk fordi han er så frekk.

Siste ytre : roman (2005)
I morgon skal det store skøyteløpet gå av stabelen, med Johann Olav Koss og andre storløparar, men også med dei flinkaste juniorane. Arvild vart kretsmeister i fjor, men i år har det blitt så dyrt å vere medlem av skøyteklubben at Arvild ikkje har råd. Og ein må vere medlem for å ha lov å stille opp i løpet.

Fuglefangartreet (2005)

Dans stille før stormen : roman (2010)
Julie og Runar elskar kvarandre, sjølv om Julie vil bli dansar og Runar vil bli fiskar. Ein dag dei er på tur med sjarken til Runar, går dei i land på den vesle øya Sklinna. Ein stein raser ut frå moloen då Runar vil få laus nokre garnblåser. Steinen landar på føtene til Runar, og Julie blir nøydt til å ta sjarken for å prøve og hente hjelp.

Helg : skodespel (2011)
Då Bjørn får ei uventa frihelg og kjem heim etter å ha vore på sjøen, har kona Margit eigentleg ikkje tid til å få mannen heim, og sonen Benjamin held seg vekke. Alle tre ber på sorger, men dei klarer ikkje å finna fram til ein måte å dele dei på.

Sildbøtta (2014)
Teodor Skille er namnet på ein ung gut som bryt opp frå fiskarfamilien på Fosen for å starte på gymnaset i Trondheim, sjølvaste Gerhard Schønings skole, på tampen av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild, ei gåve til hybelvertinna, som skal vise seg å vera ein gammal kjenning av faren.

Bøt nota, fang livet (2016)
Handlinga i romanen er lagt til ei bygd på Fosen på 1930-tallet. Her møter vi Rasmus, ein ung gut busatt på legd, og full av sakn etter faren som omkom på havet. Rasmus finn trøyst hos den vaksne naboen Gudtorm, ein mann som ber på djupe hemmeligheiter og destruktive drifter. «Bøt nota, fang livet» kan lesast som ei frittståande fortsetjing av romanen «Seglet og dansen» (1999)

Dramatikk

Brenn draumane mine på Callaos rei. Monolog. Teatret Vårt (1998)
Prinsen og Pryleguten. Familiemusikal. Teatret Vårt (1998)
Synd og skam. Monolog. Innkjøpt, ikkje spelt. Trøndelag Teater (1998)
Fiskarjentas Evangelium. Utespel. Reinsklosteret/ Rissa museum (2000)
Eg vil leva, eg vil elska. Monolog. Nord-Trøndelag Teater (2001) Gjestespel: Trøndelag Teater
Onkel Oskars sauost. Folkekomedie. Nord-Trøndelag Teater (2001) Gjestespel: Trøndelag Teater, Det Åpne Teater
Korsmessenatt. Utespel. Reinsklosteret/ Rissa museum (2003)
Bokormen som ikkje kunne lesa. Monolog. Steinkjer/ Verdal Bibl. 2003
Frostlys. Propellen Dramatikkfestival/Trøndelag Teater (2004)
Fiskaren og brennevinsdagen. Stjørna Teaterlag (2004)
Guten som redda jula. (Børø Teaterproduksjon/Byscenen (2004)
Trua og saltet. Musikkdrama. UL Heimdal (2005)
Raud vinter. Musikkdrama Innspæll/ Levanger Kommune (2006)
Takoradi. Monolog. Trøndelag Teater (2006)
Namsens auge. Musikkdrama. Grong Teaterlag/Gauken/Harran UL (2008)
Trælaoki. Monolog Nord-Trøndelag Teater/Wibe Teater (2010)
Helg Trøndelag Teater (2011)
Västmannen Teaterselskapet Innspæll (2013)
Masstua. Utespel Osen Bygdatun (2013)
Jens Fenstads siste song (2014) Rissa UL
Sjå dagar skal koma. Trøndelag Teater/ Nord-Trøndelag Teater/ Lauga SA (2014)

Dramatiseringar

Guten som song så stygt. Opera. Saman med Anne Wiik, Vegard Kjøsnes
Ringve museum (2007)

FILM

Onkel Oskar. Spelefilm. m/ Evald Otterstad. Wildhagen Prod. 1997
Apport. Animasjon. m/ Thor Sivertsen. Animathor. Vist i NRK 200

Kvifor Nynorsk?

Eg vaks opp med bokmål, og ville helst ikkje ha noko med sidemål å gjere.
På lærarskulen var vart eg ein del av den politiske folkemålsrøyrsla. Eg tok til fornuft og kjende at nynorsken harmoniserte med måten eg snakka på. Dermed så glei eg inn i nynorsken, og det vart språket mitt. Men bokmålet sit der som ein påle, når eg har bruk for det.
Rart at så mange skriv på bokmål, når dialekten deira er så mykje nærare nynorsken.
Med nynorsken innabords tør eg kle meg heilt naken.

Om skriving

Då eg var ung var eg opptatt av å få det utgitt og få litt jubalong. No er det mest arbeidet og prosessen som opptek meg.

Å beskrive katastrofe som den store lukka i livet.
Rive laus hjartet, og følge det intuitive inn i noko ukjend.

FacebookTwitterDel