Kari Stai

kari-portrett
«Dette er Jakob og Neikob. Dei bur saman i eit hus på ein bakketopp. Jakob og Neikob er gode vener, sjølv om dei er veldig forskjellige.stai_jakob og neikob_cover.indd Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt. Huset til Jakob og Neikob er fullt av Jakob sine ting. For Jakob svarer alltid JA når seljaren kjem på døra og vil selja ting. Særleg lamper.»
Det er forfattaren som les:
Start

Kari Stai er barnebokforfattar og illustratør. Ho har hovudfag i Visuell Kommunikasjon frå Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har gitt ut sju bøker på Det Norske Samlaget, og illustrert fleire bøker for Samlaget, Aschehoug og Cappelen Damm. Kari er mest kjent for bøkene om Jakob og Neikob, og mottok Brageprisen og Kritikerprisen i 2012. Bøkene er omsett til fleire språk. I november er Kari aktuell med eit teaterstykke om Jakob og Neikob for Nord-Trøndelag Teater.

kari-stein

Prisar og heider

2004–2007: Gull og diplom i Visuelt-konkurransen
2008: Inderøy Mållags målpris
2009: Kulturdepartementets debutantpris for barnebøker fra 2008 for Jakob og Neikob
2009: Diplom i Årets vakreste Bøker
2012: Brageprisen for beste barnebok for Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake
2012: Kritikerprisen for beste barnebok for Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake
2014: Inderøy kommunes kulturpris
2016: Nord-Trøndelag fylkes kulturpris

Medlemskap i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norske Billedkunstnere, Tegnerforbundet og Grafill.

Bøker

Jakob og Neikob (2008)
Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For mens Jakob seier ja til alt, seier Neikob nei til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike?

Blodrik og Blodfabrikken (2010)
Blodrik jobbar i Blodfabrikken, og er proppfull av verdas raudaste blod. Ein dag kjem Vanda til Blodrik og spør om han kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar. Det synest Blodrik høyrest mykje meir spennande ut enn å lage chiliketsjup.

Mopp og Mikko elskar dyr (2011)
Mopp og Mikko drar på dyrejakt. Dei finn både gris, kylling, stripete dyr og lange dyr.

Mopp og Mikko elskar kjøretøy (2011)
Mopp og Mikko drar på kjøretøyjakt. Dei finn både traktor, helikopter, fly og båt.

Mopp og Mikko elskar mat (2011)
Mopp og Mikko drar på matjakt. Dei finn både gul mat, pølser og søtmat.

Mopp og Mikko elskar ting (2011)
Mopp og Mikko drar på tingjakt. Dei finn både blå ting, mjuke ting og harde ting.

Tjuven slår tilbake (2012)
Ein tjuv har rømt frå fengslet og Jakob og Neikob bestemmer seg for å finne tjuven.

Jakob og Neikob og det tomme rommet (2014)
Radarparet Jakob og Neikob er tilbake, og denne gongen skal dei fylle det tomme loftet sitt med ein sambuar.

Naboen (2016)
Jakob og Neikob har fått ein ny nabo. Jakob blir som vanleg glad, mens Neikob er svært skeptisk og byggjer et høgt gjerde.

Treet (2016)
Truls elsker å klatre, og det er ikke så rart. Han har nemlig et helt eget tre. Og det er ikke et hvilket som helst tre, for Truls sitt tre er hundre meter høyt! Truls har aldri vært i toppen før. Så nå er det absolutt på tide å prøve.

Illustrert

Så kom det eit kort (2007)
Johan er ni år, og det einaste barnet som bur i Krokvik. Han har ein bestevenn som heiter Gudrun. Ho er femti og fortel spennande historier om seg sjølv og broren da dei seilte på dei sju hav. Gudrun får vite at broren er på veg heim, og Johan får seg ei overrasking.

Tjuven (2008)
Jolver besøker kompisen Bob som har besøk av søskenbarnet sitt. Dei har noko hemmeleg å vise fram i bua. Bob har eit blad der kvinnene er heilt nakne og Jolver har aldri sett noko så fint før.

Forteljingar om Jolver (2009
Boka inneheld åtte forteljingar der vi følgjer Jolver i leik, på skulen og i tankane hans. Når dei vaksne kviskrar snakkar dei om noko viktig, tenker Jolver. Ein dag kviskrar dei om Johnny med hunden. Han har vore i fengsel, og no er han kommen ut igjen. Dette er andre bok om Jolver.

Mora som glemte at det var kveld (2012)
Barnebok i samarbeid med Ingrid Storholmen.

Den første boka mi (2013)
Den første boka mi er ein antologi skapt med tanke på dei aller minste barna og – ikkje minst – foreldra deira. Koseleg, trygt og velkjent. Boka består av songar, dikt, regler, forteljngar og eventyr.

Dramatikk

Jakob og Neikob og den mystiske pakken. Nord-Trøndelag teater (2013)

Korfor nynorsk?

Nynorsk var ikkje noko eg valde, det kom naturleg. Foreldra mine skreiv nynorsk, eg hadde nynorsk på skolen, og eg vaks opp i eit folkehøgskolemiljø. Eg har vore vant til at nynorsk er normalen.
Det er godt å lese nynorsk, det flyt betre enn bokmål.

Språk og identitet heng saman. Som forfattar betyr nynorsken svært mykje for den kulturelle og litterære identiteten min. Om eg slutta å bruke nynorsk hadde det også gjort noko med den personlege identiteten min. Identiteten vår er den vi er. Skiftar vi den ut, er vi ikkje oss sjølve, og da blir alt feil.

Da nynorsk er tufta på dialektane våre er nynorsk eit naturleg norsk språk. Derfor er vi så glade i det, og stolte av det. Fordi det kjem frå oss sjølve, fordi det kjem frå forfedrane og formødrene våre. Nynorsk har røter omkring i heile det langstrekte landet. Døyr nynorsken ut, vil det vere å miste kontakt med band bakover i oss sjølve. Med vår eiga og vår samla historie.

Den beste måten å bevare nynorsken på er å bruke den. Til alt. Eit språk er ein bruksting. Språk veks berre når det er i bruk. Det siste nynorsken treng, er at vi tek på den med silkehanskar. Ikkje la nynorsken ligge i skuffen, ikkje ta den fram berre til vakre dikt. Nynorsk er også eit språk du kan banne på.

Om skriving

Då eg var mest teiknar, sakna eg å få uttrykt tankar i større grad. Eg trur det var derfor eg tok inn språket og skrivinga. Eg fekk tatt i bruk og utnytta tenkelidenskapen meir.

Det å finne ei god historie, og kjenne at ho klikkar på plass, i det kortformatet som ei 32-siders bildebok jo er.

 

 

FacebookTwitterDel