Forfattarane

Med ståstad ved Vinje-steinen i Inderøy ser ein ut over «fagre fjord og bygder». Den som har vore der kan ikkje seie anna. Dette er ein av stadane Aasmund Olavsson Vinje skal ha vore då han besøkte Inderøy sumaren 1860. Han gav oss vakre skildringar av kulturlandskapet, som vi finn i «Ferdaminne fraa sumaren 1860». Innafor synsranda frå Vinje-steinen finn vi sterke lokale anker til tre rett ulike forfattarar som nyttar nynorsk på forskjellig vis – Kari Stai i Inderøy, Ingrid Storholmen i Verdal og Torvald Sund i Levanger.

Forfattarene i passiar
Torvald Sund, Kari Stai og Ingrid Storholmen

FacebookTwitterDel